Pingvinane i Antarktis oppfører seg annleis

Oppførselen kjem truleg på grunn av klimaendringane.

Forsking viser at pingvinane i Antarktis har endra hekkesesongen. Det skriv The Guardian. Hekkesesongen er tida då fuglane bygger reir, legg egg og rugar.

Ein rapport som blei publisert 20. januar viser at pingvinane har flytta hekkesesongen med meir enn tre veker i løpet av ein periode på ti år.

Den endra hekkesesongen kan føre til at pingvinane hekkar på tider då dei ikkje finn nok mat.

Forskarane er bekymra

– Vi er veldig bekymra fordi desse pingvinane flyttar sesongen for mykje, og pingvinane hekkar no tidlegare enn vi nokon gong har registrert, seier Dr Ignacio Juarez Martínez ifølge The Guardian. Han er ein av forskarane som har skrive rapporten.

Det er uklart nøyaktig kva det er som får pingvinane til å endre oppførsel. Det kan vere på grunn av høgare temperaturar, at isen bryt tidlegare, at snøen smeltar tidlegare eller at plankton blømer tidlegare.

ADELIEPINGVINAR; Isen i Antarktis bryt tidlegare enn før. Foto: Mark Baker, File/AP Photo/NTB