John Elling (26) tel kvalar rundt Antarktis

I seks veker har 26-åringen frå Oppegård segla til sjøs på Hurtigruta MS «Fram» rundt Antarktis. Der jobbar han med å kartlegge marine pattedyr, hovudsakeleg kval, rundt omkring i Scotiahavet.

Johannessen forklarar at dersom ein skal fiske artar som antarktisk krill på ein forsvarleg og berekraftig måte, så lyt ein vete kor mange andre dyr som utnyttar same ressursen. Og det er derfor han er med på å kartlegge dyra i havet.

John Elling er med i hurtigruta som seglar rundt i Scotiahavet. Det området ligg mellom Antarktis, Chile i Sør-Amerika, Falklandsøyane, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.

Kvalteljing til frukost

Så medan turistar kan nyte ein ferietur, har Johannessen fulle dagar med å registrere kval og telle forskjellige artar, samt granska kvar dei held seg mest – likar dei kaldt eller varmt vatn? Er dei på grunna eller på djupna?

– Makkaren min og eg startar dagen klokka 05 på morgonen, og er på vakt til klokka 21-22. Vi byter på å ete og ta ettermiddagslurar litt etter dagsforma, men éin av oss er alltid på brua, fortel masterstudenten.

Kva er det kjekkaste med å studere dyr?
– Det er at det er så mange ulike typar dyr som bur på så mange kule stader, utan å ha noko imot det! Pingvinar som kan leve på isen i -60 grader eller kamelar som kan gå fleire månader utan å drikke vatn – det hadde ikkje menneske klart.

Kva er kulaste dyret du veit om – og kvifor?
– Det er nok blåkval – det største dyret som nokosinne har levd, til og med større enn dinosaurane. Berre tunga til blåkvalen veg like mykje som ein elefant.

Kva er ditt favorittdyr – og kvifor?
– Pingvinar fordi dei er utrulege flinke til å symje. Dei er som små rakettar under vatn og kan symje opp til 50 kilometer i timen.

Pingvinar er favorittdyret til John Elling. (Foto: John Elling Deehr Johannessen/via Havforskningsinstituttet)

Er det eit dyr som har overraska deg på eit vis?
– Nokre sørlege elefantselar kan faktisk halde pusten sin i over to timar.

Kva er det mest utrulege synet du har sett så langt på reisa?
– Det må nok ha vore då vi støtte på ei gruppe knølkval på kring 150 stykk, kor fleire av dei hoppa og kosa seg, medan andre kom bort til oss for å inspisere båten, fortel 26-åringen.

– Det var kval så langt auget kunne sjå, og det å sjå at dei også kan ha det så moro set virkeleg ting i perspektiv.

Foto: John Elling Deehr Johannessen/via Havforskningsinstituttet