Du har kanskje høyrt at den amerikanske presidenten Donald Trump har sagt at han vil ha Grønland. Men kvifor seier han eigentleg det? Ung.Forskning har snakka med ein forskar for å finna ut av det.
Grønland er ei stor øy som høyrer til Danmark, men som har styrt det meste av seg sjølv dei siste åra. Likevel har USA lenge hatt eit militært samarbeid med Danmark og har ein base på Grønland.
For nokre år sidan sa Donald Trump at han ville at USA skulle få kontroll over Grønland. Det skapte stor oppsikt, og mange reagerte på det.
Kva seier forskaren?
Forskaren Benjamin de Carvalho frå Norsk utanrikspolitisk institutt seier til Ung.Forskning.no at det er fleire grunnar til at Trump vil ha Grønland – men at dei ikkje alltid gir så veldig god meining.
– Han trur nok at Grønland er større enn det er, seier de Carvalho.
Det betyr at Trump kanskje ikkje heilt har forstått kor stort Grønland faktisk er. På vanlege kart kan det sjå mykje større ut enn det eigentleg er.
Tre grunnar Trump kan ha
Ifølgje forskaren finst det tre grunnar Trump sjølv kanskje meiner er viktige:
Tryggleik og sikkerheit: Trump meiner at Grønland er viktig for USAs tryggleik fordi det ligg langt nord i Arktis. USA har allereie soldatar og fly der for å overvaka området.
Metall og mineral: Grønland har jord med metall som kan brukast i mobiltelefonar og elbilar — som nikkel, kopar, kobolt og litium. Det kan vera freistande for USA.
Makt og status: – Trump ønskjer å bli sett opp til og verke viktig, seier forskaren. Å eiga landområde kan gi makt for nokon.
Forskaren peikar også på at USA kunne samarbeidd med Grønland og Danmark for å få det dei treng, framfor å prøva å ta kontroll over øya.
– Han endar opp som ein mobbar. Og det gir ikkje status, seier de Carvalho.
Det betyr at om nokon prøver å ta andre sitt land for å visa at dei er sterke, så blir det ikkje ei god løysing i lengda.




















