Eg syntest det er dårleg med krig fordi folk lid og døyr og dei har ingen mat. Det går også utover familiar. Nokon er veldig unge og må ha mykje ansvar viss foreldra har døydd eller er blitt tekne til fange. Dette må vi gjere noko med.
Alle kan vere med på å gjere ein forskjell. Vi kan til dømes demonstrere mot krig og korrupsjon. Land kan slutte å handle med land som angrip andre, og gi meir til dei som blir invadert. Viss land fortset å krige, kan det hende ingen vil bu der. Viss ingen vil bu der kan ingen betale skatt og då blir leiarane fattige. Eg trur grunnen til at folk krigar er for å ha makt, kontroll og pengar eller for å få tak i ressursar som olje, gull, sølv og kol. Dette er dårlege grunner til å angripe andre land. Krig skaper berre meir øydelegging.
Vi kan støtte land som er blitt invaderte og hjelpe dei med å få laga ei fredsavtale. Då kan dei få ein slutt på krigen og då blir det godt for begge landa. Eg syntest ikkje det er noko grunn til å gå til krig. Det er betre å spørje landet ein invaderer om å få til ei avtale om det ein har lyst på. Viss dei seier nei til avtala, må du kanskje kome med færre krav. Viss land snakkar saman på denne måten kan dei bli betre vener fordi dei lagar avtaler som skapar fred.
Du kan også donere pengar til hjelpeorganisasjonar og hjelpe barn som har blitt utsett for krig. Gjennom å donere kan du hjelpe barna med å få ei trygg framtid, gi dei mat og gi dei ein plass å bu.
Kjelder: snl.no
Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.




















