EØS-avtalen
Sjølv om Noreg ikkje er med i EU, er vi med i EØS. EØS er ei forkorting for «europeiske land som samarbeider økonomisk med EU». EØS-avtalen er ein avtale som gjer at europeiske land kan drive handel med landa som er med i EU. Landa i EØS må også følge mange EU-reglar.
Kjelde: Vesle norske leksikon
EU har vedtatt nye reglar for leiketøy. Det skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.
Med dei nye reglane blir fleire kjemiske stoff forbode å bruke i leiker. Sidan Noreg er med i EØS-avtalen, vil dei nye leiketøyreglane også gjelde oss.
Miljødirektoratet har tidlegare testa leiker kjøpt på Temu og falske Labubu-bamsar. Der fann dei stoff som er skadelege for menneske.
– Barn skal kunne leike trygt. Dette regelverket er viktig for å beskytte barn mot farlege kjemikaliar, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Dei nye reglane vil først gjelde for fullt om 4,5 år.






















