Sør-Korea forbyr å sende ballongar til Nord-Korea

Målet er å betre forholdet til nabolandet.

Sør-Korea og Nord-Korea

Koreahalvøya blei delt i to etter andre verdskrig. Koreakrigen (1950–53) enda med våpenkvile mellom Nord-Korea og Sør-Korea, men ein fredsavtale er enno ikkje signert.

LES FAKTALUKK FAKTA

I fleire år har Sør-Korea og Nord-Korea sendt ballongar over grensa dei deler.

Sørkoreanske aktivistar har festa ting som brosjyrar som oppfordrar til opprør mot nordkoreanske myndigheiter, kjeks og minnepinnar med forboden k-pop til ballongane. Nord-Korea har svart med å sende brosjyrar, men også søppel, tilbake.

Les også: Nord-Korea sende ballongar med søppel til Sør-Korea

Denne ballongkrigen skal det no bli slutt på. Ifølge nyheitsbyrået Yonhap blei ei lov i Sør-Korea endra på tysdag. No er det forbode å sende ballongar over grensa til nabolandet.

Målet er å betre forholdet til Nord-Korea.