Namn: Pia Tveterås
Alder: 35 (straks 36!)
Mental alder: Ifølgje tantebarna mine, elleve og eit halvt. «Fordi du er litt sånn … ikkje barnsleg, liksom, men tøysete, og kanskje litt barnsleg», seier dei.

Aktuell med: humorboka «Skilsmission».
Med dine eigne ord, kva handlar boka di om?
Om venskap, boksing, rampestrekar, gaming, naseblod og litt kjipe foreldre. Hovudpersonen Daria prøver jo å få mamma og pappa til å skilje seg, slik at ho kan få meir merksemd frå dei. I kva grad det er ein god idé, vil eg nesten ikkje røpe på førehand!
Kor fekk du ideen til boka frå?
Eg gjekk på ein skriveskule i Oslo, der vi fekk teste ut ein heil del ulike idear. Nokre av dei tinga eg skreiv blei ganske bra, noko blei midt på treet, og anna blei skikkeleg elendig. Men historia om Daria var kanskje den eg likte aller best. Og heldigvis blei ho jo til ei bok til slutt!
Hovudkarakteren i boka di, Daria, driv med kampsport, kvifor vart akkurat boksing valt?
For det første, fordi eg ville skrive om noko eg kjenner godt. Og eg har drive med kampsport i mange år sjølv – mellom anna filippinsk kampsport, kickboksing og boksing.

I tillegg passar sporten veldig godt til Daria, sidan ho er så tøff!
Korleis var du sjølv når du var like gamal som Daria?
Korleis eg var som 13-åring? Hm, det kjem vel an på kven du spør! Heime var eg nok ofte kranglete og hormonell. Ute med venner var eg meir tøysete og rar, men òg litt engsteleg av meg. Dessutan forelska eg meg støtt og stadig i ein eller annan ny gut.
Kva håpar du at barn skal sitje att med når dei har lese boka?
Eg håpar at «Skilsmission» vil gi lesarane ein god latter! Og så håpar eg at dei er einige i det trenaren til Daria seier – nemleg at «life is a lagidrett». For uansett kor tøff ein er, treng alle nokon å støtte seg på innimellom. Men barna skal sjølvsagt få lov til å tolke boka på sin eigen måte. Så det er lov å vere usamde, altså!
Kva for ein karakter i ei barnebok kunne du tenkt deg å vere for ein dag?
Charlie i «Charlie og sjokoladefabrikken» av Roald Dahl. Då må det bli den dagen han får besøkje sjokoladefabrikken til Willy Wonka, naturlegvis. Nam!
Har du nokre råd til barn som ønskjer å bli forfattar?
Les bøker! Då lærer ein så mykje om forteljingar, på ein gøyal måte.
Bonusråd: Les noko du likar, same kva det er. Livet er for kort til å kastast bort på kjedelege bøker. Og det finst så mange fantastiske forteljingar der ute!

Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?
Det same som ei god vaksenbok eller TV-serie eller film må innehalde: karakterar ein blir nysgjerrig på. For min del fell eg av viss eg ikkje bryr meg om personane det handlar om. Dei må helst ha nokre feil og manglar, og evna til å overraske.
Kva tre barnebøker vil du anbefale?
Berre tre ..? Ok, då!
For dei som likar skrekk: «Darlah» av Johan Harstad. Men den er ikkje for pyser!
For dei som likar humor: «Møkkapus» av danske Sophie Souid. Ho er så ko-ko og morosam!
Og for dei som likar tjukkare, eventyrlege bøker: «Linnormenes land» av Frida Nilsson.
Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok er …
«å kunne få vere inne i hovudet til ein annan person, akkurat så lenge ein vil!»
Hallo, kor magisk er ikkje det?






















