Reisen mot Nord: – Har nok julestemning og eventyrlyst

FILMMELDING: Reisen mot Nord kunne ha vore enda meir spennande, men er ein koseleg familiefilm med god julestemning.

Kvart år kjem det nye julefilmar, og i år kan du sjå animasjonsfilmen Reisen mot Nord på kino. Den norske barnefilmen er basert på eventyret Snødrønninga av den danske forfattaren H.C. Andersen.

Leikekamerat på avvegar

Gerda (Hennie Vanay-Almaas) er ei lita, snill jente som bur saman med mora og bestemora i København. Ho leikar med bestekameraten Kai (Kasper Holt Ekeberg), og dei to gler seg til jul.

Då Kai blir kidnappa av den vonde Snødronninga (Katrine Blomstrand), trur dei vaksne at han har døydd. Gerda veit derimot at han er i live. Med hjelp av den beskyttande engelen Lilly (Camilla Vandvik Leira) legg ho ut på ein lang og farleg reise for å redde Kai frå Snødronninga sitt rike i nord.

DRONNINGA SJØLV: Snødronninga har ikkje gode ting i sikte for Kai. Foto: Norsk Filmdistribusjon

Ut på tur

På reisa møter ho både snille og slemme folk, og filmen har mange overraskingar.

H.C. Andersen sine eventyr er ofte litt triste og skumle, men i filmen er Snødronninga nesten blitt ein morosam karakter, rett og slett fordi ho er så slem. Det kjem klart fram kvar gong ho kranglar med lærlingen sin, Ludvig (Aslak Maurstad). Eg trur filmen hadde vore betre om han haldt på det skumle og mystiske i eventyret.

HELTINNA: Gerda er glad i både folk og dyr, som er til god hjelp på den farlege reisa. Foto: NFD

Stil, smak og behag

Eg er heller ikkje så begeistra for korleis menneska i filmen ser ut, fordi andleta ikkje viser så mykje kjensler. Resten av filmen ser derimot veldig fin ut, både i dei julepynta gatene i København og den ville naturen som Gerda si reise går gjennom. Det er også mange søte, morosame dyr.

BLANT FJELLA: Det er stas å sjå Skandinavia på film. Foto: NFD

Filmen er ikkje så spennande og kreativ som han kunne ha vore, med tanke på eventyret han er basert på, men det er mykje god julestemning og eventyrlyst i han.

Alt i alt, trur eg at Reisen mot Nord kan bli eit godt kinominne for både born og foreldra deira.

Terningkast: 4