Denne saka vart fyrst publisert i vår systeravis, Framtida.no.
Studien hadde 50 deltakarar. Dei vart inndelt i to grupper. Ei gruppe såg på kunst i eit galleri, og den andre gruppa såg den same kunsten i eit miljø som ikkje likna eit galleri.
Mengda kortisol (stresshormon) til dei som såg på kunst i galleri gjekk ned, og det hadde og ein roande effekt på kroppens inflammatoriske prosessar.
Forfattarane seier det kan bety at kulturelle opplevingar kan beskytte både kropp og sinn. Studien er ikkje fagfellevurdert endå.






















