Både NRK og Framtida Junior har kome til kontoret for å intervjue den nye sjefen.
– Eg skal sjefe over dei, og dei skal høyre på, viss ikkje blir det «støvelen», seier Anders (13) til journalisten frå NRK.
Med «støvelen» meiner han at dei som ikkje høyrer på, vil bli sparka. Med hjelp av ein heilt ekte støvel.

Han sit på hjørnet og ser utover sine mange nye arbeidstakarar. Anders har tatt sjefsstillinga på alvor, og svarar som ein sjef som kan forlange akkurat det han vil. Men smilet til Anders seier tydeleg at ein fæl person, det er han ikkje. Dette er berre på gøy.
Spelar ut ei bok

Story House Egmont ville ha eit barn til sjefskontoret for ein spesiell grunn: Supermegagigasjefen, ei teikneseriebok skrive og teikna av Kristoffer Kjølberg.
Boka handlar om ei stor misforståing som fører til at barnet Alf blir sjef for verdas største selskap, MegaBig™.
Denne dagen har Story House Egmont døypt forlaget om til MegaBig™, og Anders får prøve seg på sjefsrolla.
– Du er sjef for verdas største bedrift. Kva tenkjer du?
– Eg tenkjer at dei treng meg. Dei må bli galaksen si største bedrift, seier Anders til Framtida Junior.
Raud løpar og handlevogn med godteri
Anders kjem inn i bygninga til temasongen til Mission Impossible. Ein raud løpar vert rulla ut framfor føtene hans.

– Det var ein riktig velkomst og eg er nøgd, seier han i ei sjefsstemme.
Dei 15 tilsette rundt langbordet takkar han for komplimenten. Han er usikker på kva det kjekkaste vert å be dei tilsette om å gjere for han, men han veit kva han ikkje vil vere nøgd med.
– At dei ikkje høyrer på meg, seier Anders.
Kvart svar han kjem med vert møtt med rungande applaus på kontoret. Dei tilsette gjer fleire ting for å sørge for at sjefen har alt han treng. Ei handlevogn med godteri står rett ved han.
– Klarer dei å leve opp til lovnaden om nok godteri?
– Det trur eg. Spesielt når ostepoppen er så stor, seier han lattermildt.
Barn er betre
Men det var ikkje berre sjefane i Noreg som fekk møte Anders. Klokka 11:45 var det tid for konferansesamtale med redaktørar frå Danmark, Finland og Frankrike.
– Eg kjem til å erstatte dykk med barn, seier Anders på engelsk i samtalen.
Dei andre redaktørane tar ein pustepause, men seier at dei forstår.
– Det er fordi dei er meir kreative og dei likar å bruke fantasien. Det er viktig for at bedrifta skal vekse, forklarar Anders.

Sjå korleis dagen var for Anders i videoen heilt øvst i saka.



















