Godteri i gamle dagar

Kva godteri åt barn i gamledagar?

Sukkerrøyr er eit gras som ikkje gror i Noreg. Derfor hadde me ikkje sukker før på 1600-talet. Då kom det med båt saman med andre, nye matvarer som kaffi, te, krydder og kakao, skriv Ung.Forskning.no.

SUKKER: Når sukkerrøyret skal prosesserast blir stilkene vaska, kutta i strimlar og pressa med store rullar. Safta skilst frå plantematerialet, deretter blir den kokt til ho krystalliserer. Til slutt blir krystallane separerte frå væska ved hjelp av ein sentrifuge, som gir råsukker. Foto: Pixabay

Sukker var dyrt. Det var ikkje til kvardags.

I rike familiar åt dei konfekt. Dei som ikkje hadde så mykje pengar, kunne suga på sukkerkandis.

KANDIS: Foto: Alice Wiegand / CC BY-SA 3.0 (via Wikimedia Commons)

Drops fanst i mange fruktmakar, og karamellar kosta heller ikkje så mykje.

Foto: Pixabay

Kjærleik på pinne er eigentleg ein drops eller ein karamell sett på ein pinne. Det fanst også i gamle dagar.

KJÆRLEIK PÅ PINNE. Foto: Unsplash

På 1800-talet kom melisen, som er finmalen sukker. Då byrja folk å laga marsipan.

Freia var den første sjokoladefabrikken i Noreg. Frå 1889 kunne barn kjøpa mjølkesjokolade.

Den første tyggjegummien i Noreg var Wrigley’s Spearmint. Den andre var Toy og kom på 1930-talet.

Då Noreg vart okkupert av Tyskland i andre verdskrigen, vart det lite sukker. Folk måtte bruka pengar på vanleg mat.

Men etter krigen har norske butikkar fylt opp hyllene med godteri av alle slag.

Foto: Pixabay