Fakta:
- Plast kan lagast om til eit pulver kalla BAETA.
- BAETA kan suga opp CO₂-gass frå lufta. Når det blir varma opp, slepper det ut gassen igjen.
- Pulveret kan bli brukt mange gongar.
- Forskarane håpar å testa det i fabrikkar innan 2026.
(Kjelde: Ung.forskning.no)
Plast er vanlegvis eit stort problem for naturen. Det hamnar i havet, på strender og i skogen – og blir nesten aldri brote ned. Men danske forskarar har funne ein ny måte å bruka plast på.
Dei har laga eit pulver av plast som fungerer nesten som ein svamp. Det syg til seg CO₂ frå lufta – ein gass som gjer jorda varmare. Når pulveret blir fullt, kan forskarane varma det opp, og då slepp det ut CO₂-gassen igjen. Etterpå kan pulveret bli brukt om og om igjen!

Må finna ut meir
Forskarane håpar at pulveret, som blir kalla BAETA, kan bli brukt i fabrikkar for å fanga opp CO₂ før gassen slepp ut i lufta. Då kan det kanskje hjelpa klimaet.
Men dei må framleis finna ut kva dei skal gjera med gassen etterpå, og kor trygt det er å bruka mykje av pulveret.
– Ved å bruka plastsøppel til å fange klimagassar, kan me løysa to problem på ein gong, seier forskar Margarita Poderytė til Ung.Forskning.no.

 
			























