95 millionar barn har kome ut av ekstrem fattigdom på ti år

Verda har teke eit stort steg framover. På berre ti år har 95 millionar barn klart å komma seg ut av ekstrem fattigdom – altså å leva for under 30 kroner om dagen.

FN og Verdsbanken seier at mykje av framgangen kjem av at fleire barn får gå på skule, får vaksinar, og at økonomien har vakse i mange fattige land – særleg i Asia.

Men framleis lever 412 millionar barn i ekstrem fattigdom, og i Afrika sør for Sahara er situasjonen framleis alvorleg. Ekstrem fattigdom betyr å ha så lite pengar at ein ikkje har råd til det aller mest nødvendige for å overleva.

Eit politisk val

– Det er eit politisk val å få ein slutt på barnefattigdom, seier George Laryea-Adjei frå UNICEF til Verdens Beste Nyheter. 

– Me skal arbeida raskare for å sikra at alle barn får tilgang til utdanning, ernæring, helseomsorg og sosialt vern, legg han til.

Ernæring betyr å få nok og rett mat slik at kroppen held seg frisk.