Tord Reklev og Emma Hagen er dei to øvst på Europa-rangeringa for Pokémon TCG. TCG står for trading card game, altso er det eit kortspel.
Nyleg har dei begge vore med i ei turnering i USA, Regional Milwaukee. Der kom Reklev på 8. plass. Ifølgje LimitlessTCG var det 2305 spelarar påmeldt.
For plasseringa si fekk Reklev 3000 dollar, som er i overkant av 30 000 kroner. Reklev er ikkje berre rekna som beste spelar i Europa, han er òg rekna som ein av verdas beste spelarar.

Som å satse på å vinne i lotto
På eit radioinnslag på NRK Nyheiter, seier Reklev at det ikkje er lurt å satse på å kunne leve av dette spelet.
For Reklev og Hagen har det ordna seg. Dei kan leve av å spele kortspelet. Men Reklev har ei åtvaring:
– Det er som å satse på å vinne i lotto, seier Reklev til NRK.