Ågot-lærar plystrar høgt og peikar på klokka.
– Fem minutt til framføring, seier ho. – Bruk eit spørsmål de kjenner svaret på og be om illustrasjon. Så ser me om KI gir fakta eller ein hallusinasjon.
– Ha lus i kva-for-noko? seier eg. – Lus i nasjon?
Eg klør i hovudet. Hennie, veslesyster mi, fekk ark med heim i går om at alle måtte sjekka håret for lus. Kammen vår heng framleis fast baki flokane mine.
– Kanskje me kan fjerna bugs om KI driv med hallusinasjon? spør Simon.
– Slik at KI svarar rett? Storesyster mi har Bugs-fjerning som valfag.
– Luse-fjerning som fag? seier eg og grev fingrane endå lengre inn i dei samanfiltra gule krøllane.
Ein liten klump sit fast i hovudbotnen. Ei lus? Eg dreg ut klumpen og granskar den nøye. Niksnpiksn, ingen sprellande bein. Sikkert eit sår. Simon ser skeptisk på at eg knipsar skurven bortover pulten.
– Har du lus, eller? seier han og ryggar brått to meter bakover og krasjar med Ågot-lærar.
– Eh, nei, seier eg i det Ågot skubbar Simon kjapt tilbake. – Men all praten om lus og bugs får meg jo til å klø!
– Nåja, eg kjenner lusa på gangen, fnyser Ågot.
Er det ei lus på gangen? Som Ågot kjenner? Eg ser for meg ei gigantisk lus, større enn den på arket til Hennie. Korleis vart ho så stor? Er ho klona? Og korleis kjenner Ågot lusa?
– Eg må spørja KI om noko! seier eg og dunkar Abdi vekk.
<Korleis kjenner Ågot lusa på gangen> hamrar eg inn.
KI: «Det handler om å trekke slutninger på grunnlag av erfaring: Atferden (her: ganglaget) viser hvilken skapning man har med å gjøre. Andre gangen man får lus, merker man det på ganglaget til lusa.»

Abdi får hakeslepp.
– Queen Petrine, du er genial! seier han. – Det er akkurat det KI gjer.
– Genial og genial, seier eg, og rører i håret som ein gal bavian.
I det same bankar det hardt på døra.
– Lusa på gangen! ropar eg. – Den må vera gigantisk!
Ågot hysjar og ropar at gruppe 1 må gjera seg klar, medan ho trippar som ei usikker høne mot døra.
– Ups, seier Simon. – Det er oss.
Abdi snublar fram og koplar opp PC-en. KI-bilete av ei giga-lus med knaggar til bein fyller skjermen. Klassen gispar og rynkar på nasen i kor. Eg held meg for auga.
– Lusa vil kverka oss! kviskrar eg og høyrer tunge steg nærma seg.
– Hymm, hymm! kremtar Ågot. – Me er stolte av at kommunen sin KI-leiar er med oss på framføringa. Velkommen, herr Lusgeir Kofthus.
Mellom fingrane ser eg ein skalla mann med robot-aktig fjes.
– Gruppe 1, kva har de funne på? seier Ågot og gløttar på skjermen.
– Me … eller Petrine, byrjar Simon.
– Queen Petrine, rettar eg og prøver å dra kammen ut av håret.
– KI kjenner lusa på gangen… Abdi ser på Lusgeir. Klassen fniser. – Så visst KI kjenner til noko frå før, til dømes lusa, gir den rette svar. Viss ikkje, diktar den eit svar, og me får ein hallusinasjon.
Endeleg riv eg laus kammen.
– Og då, er det best å ha ein kam, seier eg.
KI-fyren nikkar utruleg fort. Er han ein robot? Tenk om han får ein lys luse-idé og vil kamma alle? Eg tastar inn ei ny bestilling til KI. <teit hund med lus> skriv eg. Eit bilete av ein hund som er kliss lik Ågot sine hundar poppar opp. Ånei! Ågot sitt blikk går frå smilande til smalt på eit mikrosekund. Eg listar meg sidelengs mot døra.

– Stopp! seier KI-mannen og stoppar meg med ein stiv arm. Eg stivnar.
– Det er den beste forklaringa eg har fått nokon gong! smattar han.
– KI; kjenner lusa på gangen!
– NEI! ropar Ågot. – Ut med denne idiotien! Ut, ut, UUUT!
Ho røskar smart-tavla av veggen og trykker den ut i gangen. Lusgeir humpar etter og prøver å redda skjermen.
– Då var lusa ute på gangen igjen, seier eg og kammar luggen. – Kanskje like greitt. Tenk om alle hundane i nasjonen hadde fått lus! Kven skulle ha børsta dei? Ein robot?
Queen Petrine er ein serie skrive for Framtida Junior av Tonje Noréa Gauden og illustrert av Karina Junker Larsen. Dette er del 5.