Filmaktuelle Kristoffer (16) kom i stemmeskiftet: – Eg måtte prøve å synge lysare

Kristoffer Lycke Abrahamsen (16) gler seg over responsen frå publikum til filmaktuelle «Grevlingene».

I mai og juni 2024 spela Kristoffer Lycke Abrahamsen rolla som Lars i filmen «Grevlingene» som nyleg kom ut på kino.

– Det har vore ei kjempekjekk oppleving, seier Kristoffer til Framtida Junior.

Kjensla av å vere skodespelar

Kristoffer fortel at han har lært mykje om korleis ting fungerer på sett, både foran og bak kamera. Men han veit kva han tykkjer er best.

– Det er kjekkast å vere foran kamera, seier Kristoffer.

– Kva er det som gjer det kjekt å vere skodespelar?

– Det er litt vanskeleg å svare på, men det er berre den kjensla av å vere skodespelar. Det er ganske unikt, eigentleg, seier han.

Han poengterer at det ikkje er så mange som er skodespelarar, så derfor er det litt ekstra kult.

ACTION: Kristoffer sit på sett under ei scenetakning. Som speidar må ein vite korleis ein knyter knutar. Foto: 73 Eyes Film Production

Reaksjonane i kinosalen

Sidan filmen vart ferdigstilla, har Kristoffer sett han tre gongar før noregspremieren. På tidspunktet for intervjuet med Framtida Junior, skulle han sjå filmen for fjerde gong med far sin, som endå ikkje hadde fått sett den.

– Korleis var det å sjå deg sjølv på storskjermen?

– Det var kjempekjekt, og så var det mykje folk som kom òg. Det var litt uvant, seier Kristoffer, og snakkar om førpremieren han var med på.

Han hadde ikkje sett den med så mange før. Det var artig å oppleve.

– Responsen som kom frå publikum når ting skjedde, det syns eg var ganske kult, fortel han.

Kom i stemmeskiftet under innspeling

Då filminga av filmen føregjekk, var Kristoffer 15 år gamal, og den eldste av speidarane på sett. At han var litt eldre, hadde ikkje så mykje å seie.

ELDSTEMANN: Kristoffer var eldst på sett av speidarskodespelarane, og fekk av og til litt ansvar for speidargjengen. Bak f.v. Justine Osafo, Kristoffer Lycke Abrahamsen. Foran f.v. Isak O’Brien, Nils Elias Lea Olsen og Jakob Mydland. Foto: 73 Eyes Film Production

Han kom godt overeins med dei andre skodespelarane, og regissør Paul Magnus Lundø sa at han fint kunne spele ein 14-åring.

– Stemma mi var ganske lys, seier Kristoffer om tida då han spela inn filmen. Men så endra det seg.

Når filming på sett er ferdig, er det nokre gongar slik at skodespelarane må kome tilbake for å spele inn lyd så det hørest bra ut på filmen. Dette vert kalla «voice-over».

– Det var ein litt løyen ting som skjedde, avslører Kristoffer.

For då han skulle kome for å spele inn voice-over på nokre songar nokre månadar seinare, hadde Kristoffer kome i stemmeskiftet.

– Stemma mi var mykje lågare enn den var i filmen, så då måtte eg prøve å synge lysare. Det var ganske vanskeleg, seier han lattermildt.