Eksplosjon i Oslo – to 13-åringar tatt med av politiet

I Oslo sentrum small det så fleire vindauge knuste om kvelden tysdag 23. september. Ingen vart skadde, men to 13-åringar blei tatt med av politiet. Politiet trur eksplosjonen kan ha samanheng med kriminelle gjengar.

Kva skjer viss du bryt lova når du er 14 år eller yngre?
  • Politiet kan til dømes ta ein prat med deg og foreldra dine. Det blir kalla ein bekymringssamtale.
  • Politiet kan også seia frå til barnevernet.
  • Politiet kan også køyra deg heim viss du er ute åleine etter klokka 22.
LES FAKTALUKK FAKTA

Kort tid etter hendinga fann politiet tre gutar. To av dei var berre 13 år gamle. Politiet tok dei med for å snakka med dei og finna ut kva som hadde skjedd.

Politiet er uroa

Politiet trur eksplosjonen kan vera ein del av eit kriminelt oppgjer. Det betyr at gjengar som driv med ulovlege ting, kan vera sinte på kvarandre og prøva å skada kvarandre.

Vanlegvis er det vaksne eller eldre ungdommar som blir kopla til slike saker. Det er ekstra alvorleg at så unge gutar er innblanda. Politiet undersøker no om nokon kan ha gitt ordre til 13-åringane om å gjera dette for dei, skriv NRK.

Farlig for alle

Eksplosjonar er farlege fordi ein aldri veit kven som kan bli råka. Når sprengstoff blir detonert, kan stein, glas og bitar fly langt. Då kan folk som berre er på veg heim frå butikken, bli skadde.

Politiet har òg funne udetoner­t sprengstoff på staden. Udetonert betyr at det er snakk om sprengstoff som ikkje har gått av enno. Det gjer arbeidet ekstra farleg.

Barnevernet kopla inn

No jobbar politiet med å finna ut kven som står bak, og om gutane hadde fått oppdrag frå nokon andre. Sidan dei er så unge, er også barnevernet kopla inn. Barnevernet er ei ordning som passar på at barn får tryggleik og hjelp dersom dei er i fare eller ikkje har det bra.