Rekordtjukt ozonlag over Noreg

Ozonlaget over Noreg var ekstra sterkt i 2024. Det er gode nyheiter for både menneske, dyr og natur.

Ein ny rapport frå Miljødirektoratet viser at ozonlaget over Noreg i fjor var rekordtjukt. Dei høgaste målingane vart gjorde på Andøya og ved Ny-Ålesund på Svalbard, skriv NRK.

Kva er ozonlaget?

Ozonlaget er eit usynleg lag av gass høgt oppe i lufta. Det fungerer som eit skjold som vernar jorda mot ultrafiolette strålar frå sola. Ultrafiolette strålar er ein type sollys som kan vera farleg – dei kan gi hudkreft og skade både plantar, dyr og menneske.

På Andøya vart ozonnivåa i mars målte til å vera 8 prosent høgare enn gjennomsnittet for åra 1979 til 2024. Ifølgje forskarane kom av dette at polarvirvelen var svakare enn vanleg. Polarvirvelen er ein sterk vind som blæs rundt Nordpolen og styrer korleis luft og vêr bevegar seg i nord. Når han blir svekt, kan meir ozon bli flytta nordover.

Mindre farleg stråling

Det gjorde at mindre farleg UV-stråling nådde ned til bakken. UV-stråling er det same som ultrafiolette strålar, og det er bra for både menneske og miljø når me får mindre av det.

Målingane er ein del av Noregs overvakingsprogram for luft og klima. Overvaking betyr at forskarane følgjer med på til dømes ozonlaget, UV-stråling, klimagassar og forureining som kjem langvegsfrå.