Russiske utøvarar får delta i vinter-OL – men under nøytralt flagg

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) har bestemt at russiske idrettsutøvarar får vera med i vinter-OL i 2026, men dei må konkurrera under nøytralt flagg. 

Russiske utøvarar har vore utestengde frå mange idrettar sidan krigen mot Ukraina starta i 2022.

IOC har tidlegare sagt at utøvarar frå Russland og Belarus (eit land som støttar Russland i krigen) kan delta som nøytrale dersom dei oppfyller nokre strenge krav, skriv NRK. Dette skjedde også under sommar-OL i Paris i 2024.

Å konkurrera under nøytralt flagg betyr at dei ikkje får bruka sitt eige lands flagg, nasjonalsong eller andre symbol frå Russland.

For å få delta må utøvarane:

  • Ha gått gjennom nok dopingtestar (testar som sjekkar at ein ikkje har brukt ulovlege stoff for å bli betre i idrett).
  • Ikkje ha støtta krigen i Ukraina.
  • Ikkje ha koplingar til militæret.

– Me har ei eiga gruppe som sjekkar dei som blir melde på. Me syntest det var mest rettferdig å behalda reglane slik dei var i Paris, sa IOC-president Kirsty Coventry på ein pressekonferanse fredag.

Vinter-OL blir arrangert i byane Milano og Cortina d’Ampezzo i Italia frå 6. til 22. februar 2026.