Namn: Helen Kaldheim.
Alder: Eg er blitt 30, noko eg har gleda meg til. Det er den perfekte alderen, då eg kan vere nerd … men ha meir pengar i lommeboka.
Mental alder: Alt mellom 15 og 50. Når eg er med venar eller driv med hobbyane mine, då blir eg plutseleg tenåring igjen. Men når eg heng med faktiske tenåringar, så føler eg meg plutseleg 50.

Aktuell med: Neste bok i mangaserien min som heiter Mørkalven. Nr. 4 er komen ut og folk diggar den!
Kven sende du din siste SMS til?
Eldrid som jobbar for den kulturelle skulesekken.
Kva stod der?
Det stod «Eg ønskjer deg god betring». I oktober skal eg besøke ei rekkje skular i Oslo, og Eldrid ville ta ein titt på presentasjonen min i dag, i tilfelle det er noko eg kan gjere betre. Men ho vart sjuk, så ho skal få sjå på den ein annan dag.
Kvar er du akkurat no?
På kontoret mitt. Det er her eg vanlegvis jobbar. Men eg pleier eigentleg å ta med teikneutstyret mitt til Baker Hansen. Eg likar å teikne med menneske rundt meg. Men det har gjort til at eg har blitt ein del av pensjonistgjengen som òg er der ofte. Så eg har to vennegjengar. Ein på min eigen alder og ein på 70+.
Boka di, «Mørkalven: Trofeet» var den 3. mest lese boka under sommarkampanjen Sommarles for dei i 6.–7. klasse, kva syns du om det?
Oj! Det visste eg ikkje! Men det er utruleg gøy! Eg er veldig glad i lesarane mine. Dei har så mange kule teoriar, dei teiknar fanart, dei cosplayer karakterar frå serien min. Så om Sommarles har gitt meg fleire lesarar, så gjer det meg veldig glad. Eg håpar òg at Mørkalven inspirerte dei til å lese meir manga. For eg er utruleg glad i manga sjølv!

Kva er vesenet som er enklast å teikne på ein søt måte?
Eg vil seie Mariie frå Mørkalven er lett å teikne søt, for ho har ein søt personlegdom, sjølv om ho kan vere litt utspekulert.
Eller så har eg eit veldig søtt vesen i serien min som ein ser for første gong på side éin i Mørkalven 1. Dei er designa ut frå dei fire elementa, vatn, jord, eld og vind. Eg tykkjer dei er veldig søte. Dei vart faktisk inspirerte av Chaos frå Sonic-spela.
Kva for ein historisk person kunne du tenkt deg å vere for ein dag?
Em, eg veit ikkje. Eg prøvar å tenkje. Hmm… Jack the Ripper. Det høyrdest morbid ut! Eg veit! Eg har ikkje tenkt å drepe nokon i gamle London. Trust me! Eg vil berre vere han, sånn at eg finn ut kven han faktisk var. Kanskje melde meg til politiet den siste timen som Jack the Ripper.
Kva for ein kjendis kunne du tenkt deg å invitere på eit glas brus?
Eg vel Rumiko Takahashi! Ho verkar som ei superkoseleg, gamal dame med mykje kunnskap. Og ho er skaparen av mangaserien Ranma 1/2, den første mangaserien eg las.
Kan du kome med ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?
Det må vel vere Ranma 1/2. Det var då eg bestemte meg for at eg òg skulle lage min eigen mangaserie. Og det klarte eg!

Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?
Ei gruppe ulike karakterar kor barn kan plukke seg ut sin eigen favorittkarakter. Eg var veldig glad i «W.I.T.C.H.» som barn, og min favorittjente frå gjengen var Cornelia. For ho hadde langt, blondt hår, akkurat som meg.

Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok er …
å slappe av og forsvinne litt.
Kva tre barnebøker vil du anbefale?
«Blue Lock», «Drageviking» og «Ranma 1/2».
«Blue Lock» er ein utruleg spanande og ekstrem fotballmanga. Eg brydde meg ikkje om fotball før eg las den. Mine favorittspelarar er Kunigami, Barou og Shidou.
«Drageviking» er den nyaste boka til min ven, Odin Helgheim. Ho er utruleg gøy og full av action. Eg trur at viss du likar Pokémon, DragonBall, Attack on Titan, One Piece eller Prinsesse Mononoke, så vil du like denne.
Og Ranma 1/2 er den beste serien eg las som barn. Han passar både for gutar og jenter. Men det eg likte med han var at eg følte at eg vart tatt på alvor som lesar. Eg var eit barn som tykte Disney var kjedeleg og barnsleg, så difor likte eg manga mykje betre.