Hundar har eigne TV-favorittar

Har du sett hunden din stira på skjermen når du ser på TV? Du er ikkje aleine! Mange hundar følgjer faktisk med på TV.

Forskarar har spurt over 500 hundeeigarar om kva hundane deira likar å sjå på. Svara viser at personlegheita til hunden har mykje å seie, skriv Ung.Forskning.no.

Dei fleste hundar synest det er kjekkast å sjå på andre dyr – spesielt andre hundar. Menneske og ting var ikkje like spennande.

Nokre hundar vart veldig ivrige og snusa på skjermen eller bjeffa når noko skjedde. Andre vart redde eller stressa, til dømes når det kom lyd av ein bil eller ei ringjeklokke.

GIF: Giphy.com

Ingen «TV for alle hundar»

Forskarane håpa først å finna ein type film som alle hundar ville like. Men slik er det ikkje. Hundar er ulike, og både personlegdom og erfaring spelar inn, ifølgje forskar Jeffrey Katz.

For nervøse hundar kan ein film med mykje lyd og dyr gjere dei endå meir stressa. Derfor må eigarane finna ut kva akkurat deira hund likar best.

Hundar ser TV på ein annan måte

Hundar ser ikkje heilt likt som oss. Dei ser færre fargar og nokre gonger kan filmar sjå ut som blinkande bilete. Likevel er det mange hundar som blir fanga av skjermen.

Den nye studien gjort av Katz på hundar sine TV-vaner blei publisert i Scientific Reports i 2025.