• Kakaduar er papegøyar frå Australia og Sør-Stillehavet.
• Dei kan bli svært gamle – opp mot 70 år.
• Dei er kjende for å vere både smarte og pratsame.
I naturen dansar mange fuglar for å imponera ein kjæraste. Orrhanar og traner dansar – og papegøyar viftar med fjør og hoppar rundt, skriv Ung.forskning.no.
Men kva med dei papegøyane som bur åleine saman med menneske? Jo, dei dansar òg!
Dansar utan musikk
Forskarane såg på 45 YouTube-videoar av dansande kakaduar. Nokre rista på hovudet som rockestjerner, andre fann på heilt eigne steg. Etterpå testa forskarane seks kakaduar i ein dyrepark. Dei spelte musikk, podkast – og til slutt ingen lyd. Fuglane dansa uansett.
Her er ein av videoane forskarane brukte i forskninga:
Forskarane trur papegøyane gjer det for å imponera eigarane sine, sidan dei ikkje har ein partnar å visa seg fram for.
Godt for fuglelivet
Å dansa er ikkje berre moro – det er òg ganske avansert. Fuglen må bruka hjernen for å læra og halde rytmen. Derfor meiner forskarane at dans og musikk kan gjere livet betra for papegøyar som bur saman med menneske.
(Kjelde: Lenke til studien)