Papirbok, e-bok eller lydbok? 

Bøker kan ein lese på papir, på skjerm eller høyra som lydbok. Malin og Selda deler kva dei meiner om bøker, lydbøker og framtida for lesing.

Malin Dikken Røsbø (11)

Kva liker du best – å lesa ei fysisk bok, ei e-bok eller høyra lydbok?

– Eg likar best vanlege bøker, papirbøker. Eg likar å lesa teksten og eg likar bilde. Eg har høyrt lydbøker, men ikkje ofte. Eg likar ikkje så godt bøker på skjerm. Det er vanskelegare å bla på ein måte.

Når synest du det er betre å høyra på lydbok enn å lesa sjølv?

– Når eg skal slappa av, høyrer eg på lydbok.

Kva er det beste med ei papirbok?


– Det er gøy å sjå føre meg bilda. Eg les mykje bøker, eg låner på biblioteket éin gong i månaden. Eg les av og til før eg legg meg. Minst éin gong i veka. Eg har ofte ei bok eg held på med.

Trur du bøker alltid vil finnast på papir, eller vil me berre ha digitale bøker i framtida?


– Eg trur ikkje at papirbøker kjem til å finnast for alltid.

 

Selda Isdal-Rognli (12)

Kva liker du best – å lesa ei fysisk bok, ei e-bok eller høyra lydbok?

– Eg les mest papirbøker. Det er lenge sidan eg høyrde på lydbok. Før høyrde eg mykje på lydbok for å sovne. I barnehagen og i 1. klasse. Det treng eg ikkje no lengre. Eg høyrer ikkje på lydbok no, men når me reiser høyrer ofte mamma og pappa på lydbøker i bilen.

Når synest du det er best å høyra på lydbok i staden for å lesa sjølv?


– Når me køyrer bil, høyrer me ofte på lydbok.

Kva er det beste med ei papirbok?

– Eg likar at eg og mamma les før eg legg meg. Då sovnar eg. Viss eg ikkje er på skjerm før eg legg meg, sovnar eg mykje raskare.

Trur du bøker alltid vil finnast på papir, eller vil me berre ha digitale bøker i framtida?

–
 Det kjem an på kor langt fram. Om hundre år trur eg det vil vera mest på skjerm og minst på papir. Om 10–20 år trur eg det vil vera ganske likt. Om 1000 år har me berre skjerm, trur eg.