Diamant seld for 220 millionar

Nyleg blei den blå diamanten med namnet Mediterranean Blue, seld for 17,9 millionar sveitsiske franc. Det tilsvarer over 220 millionar norske kroner.

Diamant

Diamant er eit mineral og det hardaste av alle stoff i heile verda. Diamantar blir danna naturleg ved at karbon er under stort trykk i jorda sin mantel (delen av jorda som ligg mellom jordskorpa og kjernen). Prosessar i mantel og jordskorpa gjer at diamantane kjem opp mot jordoverflata.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Diamanten, som er skildra som eksepsjonelt sjeldan, blei seld under ein auksjon i Genève i Sveits. Ein auksjon er eit sal der fleire personar i konkurranse med kvarandre gir pengebod. Den som byr den høgaste summen pengar får kjøpe produktet.

Det var ein anonym amerikansk samlar som vann bodrunden og stakk av med den sjeldne, blå diamanten.

Edelsteinen stammar frå diamantgruva Cullinan i Sør-Afrika.