– Det er ein rein kommersiell beslutning basert på salshistorikk og salspotensial, skriv kommunikasjonssjef Øyvind Olufsen i Freia til Dagens Næringsliv.
Både regnbogefarga Non Stop og mjølkehjarte med regnbogefargar forsvinn.
Freia er eigd av eit stort selskap som heiter Mondelez. Kvart år lagar dei ein viktig rapport som seier noko om kva dei gjer for å ta vare på folk og miljø. I den siste rapporten har dei slutta å skriva om kor viktig det er med likestilling og mangfald – altså at alle skal bli behandla likt, uansett kven dei er.
Ventar på ny rapport
Så medan Freia har slutta med regnboge-Non Stop og hjartesjokolade til Pride, har eigarselskapet også slutta å snakka om at dei støttar mangfald i rapportane sine.
– Mondelez Norge kjem til å fortsetja vårt arbeid på dette området som før, skriv Olufsen til Dagens Næringsliv, og legg til at 2024-rapporten med eit eige kapittel om mangfald enno ikkje er klar.