Test deg sjølv
I staden for å lesa notata dine mange gongar, dekk til teksten og prøv å hugsa det som stod der. Du kan også laga kort med eit ord på den eine sida og forklaringa på den andre. Appane Quizlet, StudyStack og Brainscape kan hjelpa deg å øva.
Lag reglar og rim
Det er lettare å hugsa noko om det rimar. Du kan laga ei regle, eller bruka ein melodi du likar.
Lag forkortingar og huskesetningar
Skal du hugsa mange ord i rekkjefølgje, kan du bruka forbokstavane og laga eit nytt ord – som ROGGBIF for regnbogefargane (raud, oransje, gul, grøn, blå, indigo og fiolett).
Eller du kan laga ei setning, som: «Mjølkemannen rømde med fem ranarar til Tyren» – for Noregs største innsjøar (Mjøsa, Røssvannet, Femunden, Randsfjorden og Tyrifjorden).
Kopl til noko du kan frå før
Vil du hugsa at det er 7 kontinent på jorda? Tenk på veka – 7 dagar – 7 kontinent.
Bruk bilete i hovudet
Når du lagar rare bilete i hovudet, er det lettare å hugsa. Til dømes: baccalauréat betyr vitnemål på fransk. Sjå for deg Chewbacca som gir laurbærblad til elevar.
Bruk reiserute
Ei «reiserute» er noko du går gjennom i hovudet, steg for steg, som om du var på ei reise. Tenk deg til dømes at du går gjennom huset ditt og ser noko spesielt på kvar plass:
- Putin med sirup ved døra (Vladimir Putin = Russland og lønnesirup = Canada)
- Fridomsgudinna med kinakål i gangen (Frihetsgudinna = USA og kinakål = Kina)
- Kenguru som sparkar ball på badet (Fotball = Brasil og kenguru = Australia)
- Messi som eit krydder i trappa (Krydder = India og Lionel Messi = Argentina)
- Kasse med algar i stova (Kasse = Kasakhstan og algar = Algerie)
- Kongen med grønsaker på kjøkkenet (Kongen = Den demokratiske republikken Kongo og grønsaker = Grønland)
- Sau som eit taco i senga (Sau = Saudi-Arabia og taco = Mexico)
Desse rare bileta kan hjelpa deg å hugsa dei 14 største landa i verda i rett rekkjefølgje.
(Kjelde: Ung.no)