Karpe gir bort over éin million kroner!

Tenk deg at du har éin million kroner - og at du bestemmer deg for å gi alt bort til folk som treng det. Det er akkurat det den superpopulære rap-duoen Karpe har gjort.

Gjennom sitt eige fond, som dei har kalla Patel & Abdelmaguid Foundation (PAF), har Chirag og Magdi delt ut over éin million kroner til 12 ulike organisasjonar. Pengane kjem frå konsertane og prosjekta deira. No spreier dei glede til andre, skriv NRK.

Ein av dei som får støtte er Sålevending. Det er ein organisasjon som lagar turneringar og opplevingar for ungdom i heile Oslo. Dei får 75 000 kroner. Mange av organisasjonane som får pengar, jobbar med å hjelpa flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar til å få ein tryggare og betre kvardag i Noreg.

PAF har delt ut over 9,7 millionar kroner sidan 2020.