Denne saka var først publisert av systeravisa vår, Framtida.
– Eg trur kanskje eg sa «hei», for eg vart så starstruck og han hadde så mjuke, varme hender og såg på meg med eit så hengive blikk, fortel Vivan Phan på telefon til Framtida.no.
I mai i fjor var ho ein av dei heldige som fekk handhelsa på nyleg avdøde pave Frans, som sidan 2013 har vore leiaren for den katolske kyrkja verda over.

Ein fjern tanke
– Eg vil hugsa han som ein utruleg raus person. Varm og hengiven. Ein som stiller opp for dei svakaste i samfunnet, seier Vivian.
Ho skjønar at det kan opplevast litt fjernt for den gjengse nordmann når katolikkar verda over no sørgjer over ein 88 år gamal mann, som har gått bort etter eit langt liv.
– Han er vår alles far og bestefar. For dei som ikkje har møtt han og sett han personleg er han likevel ein inspirasjon og trusførebilete, forklarar ho.
Kvinner inn i Vatikanet
Personleg set ho stor pris på prosessane som den nyleg avdøde paven har sett i gang i Vatikanet for å gje kvinner ein større og meir formell plass i Den katolske kyrkja.
Kvinner kan ikkje bli prestar i den katolske kyrkja, men dei siste åra har dei fått fleire viktige posisjonar.
– Han er ein person som gjer «porten høg og døra vid». Han hadde blikket vendt utover og såg kva verda trengde, seier Phan.
Ho viser mellom anna til pavens engasjement for flyktningar under migrantkrisa og korleis han har stått opp for dei som vert råka hardast av verdas urettferd.
Pave Frans sin gravferdsseremoni tar plass i Vatikanet klokka 10:00 i dag, 26. april 2025.