Earth Hour er ei symbolsk markering der folk over heile verda vert oppfordra til å slukke lyset i ein time for klimaet.
Det er naturvernorganisasjonen WWF (World Wide Fund for Nature) som står bak kampanjen.
Ein milliard
Då markeringa starta i Australia i 2007 var det to millionar som deltok. I 2008 var det 50 millionar menneske som deltok, og i 2009 var dette blitt til verdas største klimakampanje.
No er det over ein milliard menneske som deltek kvart år.
Stort i Noreg
Noreg var offisielt med for fyrste gong i 2009.
Både Slottet, Den norske opera, Nidarosdomen, Holmenkollen og Stortinget markerer Earth Hour kvart år. Då er ikkje desse bygningane opplyst slik dei er elles.
Skal du markere Earth Hour?
(Kjelde: Wikipedia)