Gutar les mindre enn jenter. Det vil Hiwar utfordre

I 2020 deltok Hiwar Nheli i ein mangakonkurranse for å vinne eit gåvekort på 1000 kroner. Han enda opp med langt meir.

  • Manga og anime er opphaveleg ein japansk teiknestil.
  • Manga er teikneseriar ein les. Dei er i hovudsak teikna i svart-kvitt.
  • Anime er teikneseriar som er blitt animerte. Dei er ofte, men ikkje alltid, skapt frå ein manga. Det er òg tilfelle av animear som blir til mangaar.
  • Ein manga-skapar blir kalla mangaka.
  • Kjende mangaar og animear er One Piece, Dragon Ball, Naruto, InuYasha, Fairy Tail og Sailor Moon.
LES FAKTALUKK FAKTA

Eigentleg skulle Hiwar jobbe med medieforsking. Det var det han utdanna seg til. Men det er ikkje lett å få tak i ein jobb når ein er ferdig med studiet.

– Eg bad foreldra mine gi meg to veker der dei ikkje spurte meg om planane mine for framtida, seier Hiwar.

I dei to vekene lagde han eit mangakapittel til ein konkurranse. Eigentleg var målet å vinne eit gåvekort på Outland med verdi av 1000 kroner.

– Eg ville ha det gåvekortet så eg kunne handle på Outland. Eg trudde absolutt ikkje at det skulle føre til at Mantikorens Kongerike vart ei bok, seier Hiwar.

Han kom på andreplass, og fekk gåvekort på 1000 kroner. Men Outland var ikkje ferdig med Hiwar. Dei ville ha meir av forteljinga hans.

Den japanske teikneseriestilen er kjend for sterke ansiktsuttrykk. Foto: Privat

Frå hobby til jobb

– Eg tenkte «Hæ? Kan eg verkeleg tene pengar på å lage dette? Noko eg har gjort heile livet mitt, berre på gøy?», fortel Hiwar om reaksjonen då Outland skreiv at dei ville betale han for meir.

Då var det ein ting som måtte gjerast, og det var å legge sjela i arbeidet.

– Då måtte eg ta det på alvor, eg kunne ikkje lenger sjå på det som ein hobby, seier Hiwar.

Dermed gjekk gåvekortet på 1000 kroner til å kjøpe bøker om anatomi, perspektiv og korleis å lage teikneseriebøker.

Vil kickstarte leselysta til gutar

I intervjuet fortel Hiwar fleire gongar at Mantikorens Kongerike er retta mot unge gutar. Eg spør han kvifor det er viktig for han.

– Ein ting som eg har høyrt mykje, er at unge gutar heng etter. Dei les ikkje så mykje. Jentene er flinkare, og eg blei sett ut av det, svarer han.

Hiwar fortel at i Japan er det meir balanse mellom kjønna, og han lurte på kva som måtte til i Noreg for å få den same suksessen. Svaret for han, var manga.

– Som ung sat eg heller og spela på datamaskin enn å låne bøker, men så fann eg mangaar, og eg byrja å lese mykje etter det, seier han.

Ein liten smakebit. Foto: Privat

Han er ganske sikker på at det er introduksjonen for manga som sette i gang lesereisa hans.

– Det blei sånn at eg byrja å glede meg over leseoppgåver på skulen. Eg blei skikkeleg glad i å lese, seier han.

Det er den magien han ønskjer å gjenskape for barn og unge gjennom Mantikorens Kongerike.

– Eg håpar dei kan få same opplevinga som eg fekk. Håpet mitt er at dei som har det litt tøft og vanskeleg med å lese, skal finne ut at det er mange morosame eventyr ein kan reise ut på, seier Hiwar.