Har samla inn over 19 millionar til forsking på barnedemens

Syver Blindheim (13) har barnedemens, ein sjeldan og alvorleg sjukdom utan kur. Etter deltakinga i NRK-serien Team Pølsa har Syver og familien samla inn over 19 millionar kroner til forsking.

Totalt kom det inn 17 millionar via Spleis og 2,15 millionar via Vipps, ifølgje NRK.

Over 50.000 personar støtta aksjonen, som no har sett ny rekord på Spleis.

– Tenk alt me har fått til saman! Det er heilt utruleg. Håpet er større no takka vera alle dykk, og forskinga har fått ein real løft, skreiv familien til Syver like før Spleisen vart avslutta.

Maks fart

Pengane går til forsking på barnedemens, leia av professor Magnar Bjørås ved NTNU. Bjørås seier til NRK at dei no kan «køyra maks hastigheit» i jakta på ei behandling.

Syver mista synet då han gjekk i 2. klasse og har sjølv uttrykt kor stolt han er over innsatsen:

– Det fører sikkert til at dei kan få tilsetja fleire til å hjelpa til og forska på labben, og andre ting, sa Syver til NRK i mars.

TEAM PØLSA: Her er Syver saman med Øystein Pettersen. Foto: Ole Petter Hodnungseth / NRK