Kakao
Kakao er eit tre som veks i tropiske land. Treet har frø som blir kalla kakaobønner. Desse kakaobønnene er ein viktig ingrediens i sjokolade og etterspurnaden etter kakaobønner er difor stor over heile verda. Med det blir det stadig planta meir kakaotre i tropiske delar av verda, for å kunne selje kakaobønner.
Kjelde: Store norske leksikon
Goliatbiller lever i dei varmaste delane av Afrika. Ho lever å ete sevje frå visse treslag i regnskogen.
Billearten blir over 10 centimeter lang og kan ha eit vengespenn på over 20 centimeter. Dette gjer goliatbilla til eit av verdas største insekt.
Utryddingstruga
Dei siste 30 åra har bestanden goliatbiller gått ned med 80 prosent. Ifølgje forskarar skjer dette mellom anna på grunn av den veksande kakaoindustrien i dei tropiske områda av Afrika, skriv forskning.no.

Andre årsaker til nedgangen i goliatbille-bestanden er utbygging av byar og sal av tørka individ til innsektsamlarar.
Fangsten av billene og utbygginga av plantasjar og byar gjer at forskarar meiner at billearten burde bli sett på den internasjonale raudlista. Det er ei liste over artar som står i fare for å døy ut.