Hoppdressane var forsterka med ekstra materiale for å gjera dei stivare, slik at hopparane skulle få betre flyeigenskapar. Trenar Magnus Brevig og skreddar Adrian Livelten blei filma då dei endra på dressane før rennet. Det er ulovleg å endra på hoppdressar etter dei er godkjende av Det internasjonale skiforbundet FIS.
– Nordmennene har kasta all moral, seier den austerrikske hopplegenda Toni Innauer (66) til Dagbladet.
Trenar Magnus Brevig beklagar hendinga og seier:
– me blei fartsblinde i VM-bobla vår.
Etter rennet vart dressane til Lindvik og Forfang kutta opp, og ekspertar kunne bekrefta at noko ulovleg hadde skjedd. Lindvik blei fråteken VM-sølvet og mistar 266.000 kroner i premiepengar.
Både Marius Lindvik og Johann André Forfang nektar å ha visst noko om jukset.
Trenar Magnus Brevig og skreddar Adrian Livelten er no suspenderte frå jobbane sine. Å vera suspendert frå ein jobb betyr at ein blir mellombels bortvist frå arbeidet sitt. Ein får ikkje lov til å jobba, men ein er framleis tilsett. Det kan skje viss ein har gjort noko gale, og det blir undersøkt.