16-åring kastar seg til sensasjon i dart-VM

16-åringen Luke Littler er tidenes yngste finalist i turneringa.

Denne romjula er det ikkje berre fotball og vintersport som har engasjert tv-publikumet. Fleire har òg fått auga opp for dart. Og kanskje spesielt for 16 år gamle Luke «The Nuke» Littler.

Det er første gong han deltek i verdsmeisterskapet i dart, og i debuten har han teke seg heilt til semifinalen. Han har slått ut favorittar som er tre gonger så gamle.

– Eg Eg var nøgd med å vinne éin kamp, og no kan eg gå heile vegen. Det er sprøtt, sa Littler, ifølgje VG.

SENSASJON: Luke Littler under kvartfinalen i dart-VM 1. januar. Foto: AP Photo/Kin Cheung

Starta tidleg

Sjølv om det er debuten hans i senior-VM, har Littler vore «i gamet» lenge. I eit intervju med Sky Sports, fortel dart-spelaren at han kasta piler allereie då han var 18 månader og gjekk i bleie.

– Det var då det heile starta.

Littler byrja ordentleg med dart då han var 4-5 år gamal med ei lita dartskive, og i 6-7-årsalderen gjekk han over til standardskive. Han er regjerande ungdoms-verdsmeister.

Littler har òg blitt populær blant publikum. Han har mellom anna fått merksemd for å feire sin første VM-siger med å ete kebab. Undervegs i turneringa vart han invitert til å sjå Tottenham-kamp av fotballspelar James Maddison.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Luke TheNuke Littler (@lukethenukelittler)

Premie

Ikkje berre er Littler tidenes yngste semifinalist, den unge briten har òg sikra seg ein premie på 1,3 millionar norske kroner. Om han kjem seg heilt til finalen og vinn der, vil han gå ut av turneringa heile 6,5 millionar kroner rikare, ifølgje Dagbladet. Den totale premiepotten i dart-VM er på 33 millionar kroner.

Semifinalen i dart-VM blir spelt onsdag kveld kl 21, og kan sjåast på Viaplay.