USA stansar hjelp til Ukraina

Førre veke varsla USA at dei vil stansa både våpenleveransar og etterretningshjelp til Ukraina.

Beskjeden kom etter Donald Trump og Volodymyr Zelenskyj møttest i Det kvite huset førre veke. Videoopptak frå møtet, som skulle handla om ein mineralavtale mellom USA og Ukraina, har gått verda over. Møtet enda i munnhoggeri mellom partane, der Trump skulda Zelenskyj for å «gambla med tredje verdskrig».

Trump fekk brev

I kjølvatnet av møtet seier Donald Trump at han har fått eit brev frå Zelenskyj der han seier at Ukraina er klare for å koma til forhandlingsbordet om ein fredsavtale med Russland og mineralavtale med USA.

Personar nær Trump skal òg ha hatt samtalar med opposisjonen i Ukraina, ifølgje Politico. Samtalane skal ha handla om Ukraina kan halda nyval. Zelenskyj sin presidentperiode er eigentleg gått ut, men på grunn av krigen tillèt ikkje grunnlova å gjennomføra val. Ekspertar meiner eit slikt val vil gagna Russland.