Historisk månelanding

Søndag landa romfartøyet Blue Ghost på månen. Det er første gong eit privat selskap har gjort ei vellukka månelanding.

Privat selskap

Det er bedrifter som eigd privat eller av organisasjonar. Altså at selskapet ikkje er eigd eller kontrollert av staten.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Månelandaren Blue Ghost, sendt opp av det private amerikanske selskapet Firefly Aerocpace, landa søndag trygt og stabilt på månen. Då blei det det fyrste privat eigde romfartøyet til å landa på månen utan å velte eller krasje, skriv Quartz.

Romfartøyet var på reise i verdsrommet i 45 dagar og la bak seg 4,5 millionar kilometer, før det nådde månen.

Blue Ghost blei sendt til månen for å ha med seg forskingsutstyr for NASA. Dette er mellom anna røntgenutstyr og utstyr for drilling i overflata på månen.

ROMSELFIE: Her tar romfartøyet Blue Ghost ein selfie av seg og jorda, på ferda si til månen. Foto: Firefly Aerospace.