Dyre eller billige fotballsko – kva er viktigast?

Fotballsko kan koste over 3000 kroner, dei kan koste 300 kroner, eller du kan arve dei.

Eit par fotballsko er ikkje berre eit par fotballsko. Det finst uendeleg mange par å velje mellom, uendeleg mange fargar, merke og utgåver.

Blant dei siste som er til sals er Erling Haaland sine Nike Jr. Phantom GX 2 Elite-sko – ja, for det er faktisk det dei heiter. Og berre blant Haaland-skoa finst det fem ulike versjonar å velje mellom, der den billigaste kostar 849 kroner og den dyraste 3399 kroner.

Kva skal ein velje?

Nedslitte knottar

Noah Hausken Bjørnsen (9 år) og Even Vaula Østbø (9 år) meiner det viktigaste er å ha sko som passar.

– Eg brukar skoa til dei er slitte og øydelagde, til knottane er nedslitte, seier Even.

– Eller til dei er for tronge, fylgjer Noah opp.

Gutane som speler fotball fleire gonger i veka er ikkje så opptekne av at skoa skal vere på den eine eller andre måten. Det viktigaste er at dei passar godt på foten.

Å knyte tek for lang tid

Nokre favorittar har dei likevel. Even har til og med pynta rommet sitt med favorittskoa sine.

– Eg likar godt grøne Nike-sko, det er desse eg har på hylla på rommet mitt.

Noah, som har på seg dei grøne Ronaldo-skoa, likar best sko utan knyting, det som også blir kalla sokkesko. Men det er ikkje fordi desse nødvendigvis ser kulare ut …

– Knyting tar for lang tid, seier Noah.

Nærast alle dei store stjernene har sine eigne signatursko, og Framtida junior lurer på om dei vel sko etter favorittspelarane sine?

– Eg hadde også dei grøne skoa til Ronaldo, seier Even. Men det viktigaste er at eg har lyst på dei, ikkje kven sin sko det er.

Kan sjå gode ut

Ein interessant tanke gutane har, er at skoa kan seie noko om spelaren som bruker dei.

– Nokre gonger kan me sjå på motstandarane om dei er gode, viss dei til dømes har rosa Nike og skoa ser bra ut, seier Even.

Dei kan altså lese motstandarane på utstyret. Heilt sikre kan dei likevel ikkje vere. Det viktigaste er tross alt spelarane som har på seg skoa, ikkje sjølve skoa.

– Og så må ein hugse at fotballsko kan vere gode uansett merke, legg Noah til.

Frå høgre: Noah Hausken Bjørnsen (9 år) og Even Vaula Østbø (9 år) meiner det viktigaste er å ha sko som passar.

Foreldra synest fotballsko er dyre

Nokre foreldre Framtida junior snakkar med, synest sko til 3399 kroner er altfor dyre.

Dei har sjølv barn som ønskjer seg fotballsko til over tusen kroner. Dei seier at dei er einige i at skoa kan koste litt, spesielt dersom skoa blir brukte nesten kvar dag. Men det går ei grense, og så er det eit problem når barna deira veks ut av skoa før dei er utslitte. Viss fotballsko er for dyre, må barna deira tene penger sjølv til dei.

– Heldigvis kan barna også arve av kvarandre, seier dei.

Haaland og mentalitet

På Nike.com kan du lese at fotballskoa er viktige for Erling Haaland:

«For meg handler alt om mentalitet, og skoa hjelper meg med å få riktig tenkemåte. Eg vil føle meg som ei ustoppeleg kraft.»

Sjølv om Haaland er profesjonell fotballspelar i England, og sjølvsagt må ha gode sko, har han eit godt poeng her. Mykje handlar om korleis vi kjenner oss der ute på banen. Kjenner du deg bra, spelar du sannsynlegvis også betre – ja, kanskje som ei ustoppeleg kraft?

———————————

Lær å skru ballen!

Same kva type fotballsko du har, kan du lære å skru. Legg ballen godt til rette, gjerne litt oppå graset. Prøv å treffe litt meir på sida av ballen enn du vanlegvis gjer. Ballen skal rotere i lufta. Prøv så dette eit par hundre gonger, så sit skruen!