Hudpleie for barn: – Kan vera farleg

På TikTok og andre sosiale medium dukkar det stadig opp barn som brukar avansert hudpleie. Nokre barn startar så tidleg som i åtteårsalderen. Hudlegar åtvarar mot farlege ingrediensar i produkta.

Din Side har snakka med hudlege Reza Sohrabi som meiner barn ikkje bør bruke hudpleieprodukt som er for vaksne.

– Barn og unge bør ikkje bruke nokon form for hudpleie anna enn solkrem og fuktigheitskrem når huda er tørr, seier han.

Åtvarar mot retinol og syrer

Han åtvarar spesielt mot eit stoff som heiter retinol. Det er ei form for A-vitamin. Hudlegen meier retinol ikkje har noko å gjera på barnehud.

Lege og medisinsk direktør i Eger Skin Clinic, Dr. Michael Zanganiseier seier til Din Side at han er samd.

– Den beste huda ein har, er nettopp i barnealderen.

– Huda er full av hudprotein som me taper med alderen og det er overflødig å tilføra meir enn dette. Du kan ikkje fylla eit fullt glas med vatn! Og kvifor i all verda skal ein 10-12-åring tenkja på å førebyggja rynker, seier han.

Hennes & Mauritz svarar

Butikkar som sel hudpleieprodukt, meiner dei ikkje gjer noko gale. Hennes & Mauritz skriv dette til Din Side:

«Me er nøye med å sikra at produkta våre blir brukte på ein trygg og informert måte. Når det gjeld dei eksterne merka me sel, tilrår me at du tek direkte kontakt med dei for spørsmål om spesifikke ingrediensar og produktsamansetningar. Me vil også gjerne understreka at me alltid tilrår kundane våre å rådføra seg med lege eller hudspesialist før bruk av aktive produkt».

Normal svarar

Landssjefen i Normal Norge, Thomas Harsvik, svarar at:

«Me tilbyr eitt breitt utval av produkt til alle aldersgrupper. Kundane våre kan vera trygge på at alle produkt overheld dei gjeldande krava ein har i Noreg til innhald og deklarasjon. Uavhengig av om det er hudpleieprodukt eller andre produkt er det viktig å setja seg inn i kva formål og kven produktet er tilrådd for».

Hudlegane meiner likevel at det burde bli strengare reglar for sal av slike produkt. Dei oppmodar foreldre til å snakka med barna sine om dette.