13. januar i år var Karen Kyllesø (21) framme ved Sørpolen. Turen gjekk over 1130 kilometer, og ho drog med seg to pulkar som til saman vog over 100 kilo då ho starta. Ferda tok 54 dagar. Ho er den yngste nokosinne som har gjort det.
– Eg er ikkje så oppteken av den rekorden, det er berre ein bonus. Men eg har drøymt om og planlagt turen sidan eg var 15 år. Det er nok ikkje så mange som kjem på å gjere noko slikt i så ung alder, seier ho.
Kyllesø fortel at turen var lang og kald, og dagane vart veldig like der ho gjekk i det kvite landskapet. Ho vart også tvinga til å ta ned tempoet.
– Eg vil helst gjere alt på ein gong. Ein ser på alle andre rundt seg, kva dei gjer og oppnår. Men på denne turen er det berre éin ting å gjere, og det er å ta eitt steg om gangen, éin dag om gongen. Det tar eg med meg heim igjen, seier ho.
Turen var ein stor prøve for hovudet i tillegg til kroppen.
– Ein lærer mykje om seg sjølv når ein må stå i ei sånn utfordring åleine.
Naturbarn
Kyllesø fortel at ho alltid har vore interessert i å vere ute i naturen. Då ho var lita, var ho mykje på ski med foreldra. Då var det ekstra stas å gå ein runde på eventyr utan mor og far. Etter kvart byrja ho å dra åleine på telttur i skogen.
Ho las bøker om norske polfararar og fekk lyst til å gå ein lengre tur sjølv. Då ho var 14 bestemte ho seg: Ho ville gå over Grønland.
Ho fekk hjelp frå far til å planlegge turen, men ho fortalde det ikkje til mor før planlegginga var komen så langt at ho ikkje kunne seie nei.
– Eg og far er drøymarar, og mor er realist. Ho vil at eg skal ha god trening og godt utstyr, og passe på at alt er på plass. Det er ein god kombinasjon å ha rundt seg, seier Kyllesø.
Heilt åleine
Grønland er verdas nest største isbre. Då ho var på veg over Grønland som 15-åring, var det berre eit naturleg steg vidare: verdas aller største isbre, Antarktis.
Turen over Grønland var ein gruppetur i lag med erfarne folk, men Sørpolen hadde Kyllesø lyst til å erobre åleine. Ho ville teste seg sjølv og sjå kva ho kunne klare.
Dei fleste dagane gjekk ho i ni timar.
– Kjeda du deg?
– Eg hadde trudd at eg skulle gjere det. Men når landskapet er så likt, legg du meir merke til skilnadene.
Nokre stader møtte ho på store snødyner, kalla sastrugi. Dei kan bli opp til to meter høge.
Kyllesø hadde høyrt om desse mystiske formasjonane frå andre polfararar, og det var kult å få oppleve dei sjølv, synest ho.
– Det var som å gå gjennom eit lite fjellandskap. Eg kjende meg nesten som ei kjempe som gjekk mellom store fjell. Samstundes kjende eg meg kjempeliten, åleine på kontinentet, kanskje den mest einsame i verda, seier ho.
Kyllesø hadde med seg musikk, podkastar og lydbøker. Men etter kvart fann ho ut at ho ikkje trong underhaldning på øyra.
– Det var like fint å gå utan. Då eg var barn, gjekk eg mykje og dagdrøymde. Eg har mista det litt når eg har vorte eldre. Heime sit eg mykje på telefonen og gjer noko for å distrahere meg. Der nede fekk eg litt tilbake den dagdrøyminga frå då eg var barn, fortel ho.
– Det er berre fint og sunt å keie seg litt.
Tøft for kroppen
Høgdepunktet med turen var totalopplevinga. Å vere så lenge på tur, vere så lenge avlogga.
– Den sjansen får ein ingen annan plass i verda, seier ho.
Den største utfordringa var alle høgdemetrane. Sørpolen ligg 2800 meter over havet, og lufta ved polane er mykje tynnare. Kyllesø sleit med smerter i lungene og fekk kuldeastma.
– Eg hadde sett for meg ein spurt på slutten, men det gjekk ikkje. Eg måtte roe ned farta i staden. Det var det tøffaste, fysisk men også psykisk.
– Var det noko tidspunkt du tenkte «dette gidd eg ikkje meir»?
– Nei. Men på starten av turen var det mykje snø på Antarktis. Kontinentet er verdas største ørken, det er vanlegvis mindre nedbør enn i Sahara. Men på starten av turen gjekk eg opp til knea i nysnø. Det var veldig tungt.
Først etter 18 dagar fekk ho beskjed om at vêret kom til å bli betre. Då hadde ho brukt opp ein tredel av maten, men berre gått ein sjettedel av distansen.
– Eg hadde ikkje lyst til å gi opp, men nokre gonger lurte eg på om eg kom til å komme meg heilt fram, seier ho.
Takksam
Etter denne milepålen er det mange som har spurt Kyllesø kva som vert det neste. Framtida Junior er ikkje noko unntak.
– Det handlar ikkje alltid om å krysse av eit punkt på ei liste, eller å toppe det førre ein gjorde. Det viktige er turglede, å vere ute og nyte naturen der ein er. Eg er takksam for å ha fått oppleve ein stad som Antarktis, og vere på eit så stort eventyr. Eg drøymer om fleire turar, men dei neste par åra vert det nok kortare turar nærare heime, seier ho.