La oss seie du er på veg ut av døra. Før du går, må du berre spraye deg litt. Ein spray, to spray, fire spray – sånn. No er du klar for verda!
Det luktar i gangane på skulane, det luktar på bada og det luktar i garderobane. Parfymeria fortel at dei sel meir enn nokon gong, og dei som handlar er unge, gjerne nede i tiårsalderen.
Ebbe Tvedt Voll og Vetle Østbø er nettopp 10 år og har alt hatt fleire parfymar i livet sitt.
– Kompisen min kjøpte ein parfyme for 1200 kroner. Ein ekstra god, seier Vetle.
Det er når han er saman med venner, han ser seg ut parfymar. Nokre gonger går dei på Normal, andre gonger på flottare parfymeri som til dømes Kicks.
To til fire spray
Ebbe fortel at han samlar parfymeflaskene etter at dei er brukte opp. Dette er heller ikkje vanskeleg å forstå, for flaskene kan vere flotte.
Men viss ein skal komme opp i samling, må ein også bruke ein del parfyme.
– Det er vanleg å bruke to til fire spray, seier Ebbe.
Vetle fortel vidare at han alt har brukt opp ei flaske. Han sprayar nødvendigvis ikkje alt på seg sjølv, men gjerne også litt rundt i rommet.
Nokre i klassen tek også parfymen med seg på skulen, i jakkelomma. Slik kan dei enkelt fylle på med godlukt dersom det skulle trengast i løpet av dagen.
Men dei er begge samde om at det kan ta litt av. Viss alle til dømes har ulike parfymar på seg, kan klasserommet lukte ganske ille.
– Det spørst kva slags parfyme som har blitt brukt, legg Vetle til.
Valentino Black og Jean Paul er av favorittane, begge kan dei komme opp i over tusen kroner, og Vetle og Ebbe er einige i at dette kan bli litt dyrt.
Det kan bli litt mykje
Lisabeth Oseland er helsesjukepleiar på Kvaleberg skule. Ho fortel at også ho kan kjenne dufta i gangane på skulen ho arbeider.
Skulen ho arbeidde på tidlegare hadde til og med forbod mot parfyme. Grunnen til dette var at nokon kan ha allergi mot parfyme.
– Dei som har astma eller allergi, kan bli plaga av for mykje lukter. Det som kanskje ikkje alle veit, er at parfyme kan tørke ut huda, fortel helsesjukepleiaren.
Det kan altså bli for mykje lukter.
Eit anna problem med parfymetrenden er at det kan vere dyrt. Dei dyraste merkene kan bli sett på som dei beste.
– Å vere litt oppteken av lukt og hygiene er fint, men det kan bli litt mykje. Til dømes vil me ikkje at det skal bli eit press slik at alle trur dei må ha parfyme, åtvarar ho.
Me blir påverka
Nødvendigvis handlar det ikkje berre om å lukte godt, parfyme blir meir som ein hobby.
Venner handlar parfymar saman, dei luktar og diskuterer. Kanskje gjev dei parfymar til kvarandre til bursdagar og jul. På parfymeri kan dei få testprøvar, og dei byter gjerne seg imellom.
Men kva er det som gjer at parfyme er meir populært no enn før?
– Dei kan ha høyrt om trenden på TikTok eller andre sosiale medium. Eg merkar spesielt at gutar er meir interesserte enn før, seier helsesjukepleiaren.
Via sosiale medium er det fort gjort å få tilgang til reklame for parfymar og ulike merker. Det kan vere influensarar og kjendisar som reklamerer. Sjølv om aldersgrensa på sosiale medium er 13 år, påverkar me også kvarandre slik at dei som er yngre kan bli freista.
Dessutan er det ikkje vanskeleg å leggje merke til om nokon i klassen bruker parfyme, i alle fall ikkje dersom dei har pumpa ut fire spray kvar.