Noreg har den høgaste overlevinga for barn med kreft blant 68 land som er med i ein ny, stor internasjonal studie. Det betyr at fleire barn i Noreg overlever kreft enn i andre land som er undersøkte.
Studien har sett på over 600.000 barn med kreft frå heile verda. Mellom 2015 og 2019 hadde Noreg ei femårs overleving på heile 89 prosent for alle typar barnekreft. Det er det beste resultatet i heile undersøkinga, skriv NRK.
Får god hjelp
Overlevinga i Noreg har vorte betre og betre over mange år. Forskarane trur det er fleire grunnar til det.
Mellom anna handlar det om at sjukdommen ofte blir oppdaga tidleg, at barn får god hjelp av spesialistar, og at behandlinga er godt planlagd.
Dei peikar også på at Noreg er flinke til å følgja opp pasientane og registrera korleis det går med dei.
Dette gir håp om at endå fleire barn kan bli friske i framtida.
Resultata var fyrst publisert i det kjende tidsskriftet The Lancet.






















