– Eg blei overraska og skikkeleg glad, seier Erika Brekke (12) om at teikneserien hennar om ei djevelskate blei kåra til den beste i teikneseriekonkurransen til Framtida Junior i konkurranse med over 200 andre teikneseriar frå elevar over heile Noreg.
Juryen uttalar: «Teikneserien om djevelskata er både vakker og gjev fine fakta om ein spennande fisk».
– Eg synest djevelskata er veldig fin, og eg visste ikkje så mykje om ho. Så då var det ein måte eg kunne læra meir om ho, seier Erika.
Hjelper med fokus
7.-klassingen frå Kvamsøy skule likar så godt å teikna at ho kallar det ein hobby.
– Eg teiknar ganske ofte. Spesielt på skulen, så kan det hjelpa meg å fokusera meir når eg kjedar meg, seier ho.
På skulen er norsk og kunst og handverk favorittfaga, men ho likar òg matte og engelsk. Når ho blir stor, har ho lyst til å jobba som advokat eller dommar.
– Overlykkelege
Klassen til Erika, 6.-7. klasse ved Kvamsøy skule, vann òg klassekonkurransen.
– Det vart ein overlykkeleg gjeng på ein heilt vanleg tysdag! skriv lærar Ingrid Bringsvor Voksøy i ein e-post.
Juryen gjev klassen skryt for gode teikningar og ei fin blanding av spennande fakta og morosame vitsar.
Klassen får 1000 kroner, klassesett av papiravisa til Framtida Junior og bokmerke i premie. Og Erika får 500 kroner, abonnement på Framtida Junior og t-skjorte i posten. Det blir trekt ut t-skjorte, avis og bokmerke til fem andre deltakarar i konkurransen.
Dei beste bidraga i teikneseriekonkurransen blir kontakta og får teikneseriane på Framtidajunior.no og kanskje òg i papiravisa vår!
Sjå alle teikningane til klassen ved å bla fram og tilbake i toppen på saka!