Støre om våpenkvila i Gaza: – Svært oppmuntrende og på høg tid

Israel og Hamas har inngått våpenkvile for å ta ein pause i den 15 månader lange krigen i Gaza.

Fakta om krigen:
  • Gazastripa er ei smal landstripe på 40 kilometer langs Middelhavet, mellom Israel og Egypt.
  • Krigen starta om morgonen 7. oktober 2023 med angrep på Israel frå Gaza av den palestinske gruppa Hamas.
  • Tusenvis av menneske vorte drepne og nesten to millionar er på flukt – og mange har måtte flykta fleire gonger – ettersom store delar av Gaza har vorte øydelagt.
  • Den viktigaste grunnen til uro og konflikt er usemje om landområda som no Israel har kontroll over.
  • Israelarane er opptekne av å sikra tryggleiken sin, medan palestinarane ønskjer sjølvstyre, fridom og tryggleik.
  • I 1947 bestemte Storbritannia seg for å trekka seg ut av Palestina, og la spørsmålet fram for FN. Same året bestemte FN at 43 prosent av landarealet skulle gå til arabarane og 56 prosent til jødane, som då utgjorde kring 30 prosent av folketalet.
  • Arabarane var ikkje samde i dette, og mellom 1948 og 1973 var det fire krigar mellom Israel og nabolanda. I tillegg har det vore fleire større palestinske opprør i dei israelsk-okkuperte områda.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

At Israel og Hamas har inngått våpenkvile betyr at krigen mellom dei to partane får ein pause fra 19. januar. Det første som skjer er at gislar frå begge sider skal få reisa heim til familiane sine. Etter dette skal partane bli samde om kva som skal skje i neste fase i våpenkvila.

Statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Carina Johansen / NTB

– Det er svært oppmuntrande og på høg tid at partane har kome fram til ei våpenkvile. Våpenkvila vil bli gjennomført i fleire fasar. No er det avgjerande at alle partar respekterer avtalen, legg ned våpena, frigjer gislane og sikrar at naudsynt hjelp når fram til Gaza, skriv Støre i ei pressemelding.

Ikke ei varig løysing

Statsministeren påpeiker også at våpenkvila er ein viktig første siger, men at det framleis ikkje ei varig løysing på krigen mellom Israel og Palestina.

– Våpenkvile er eit første viktig steg mot fred, men sjølv om våpenkvila skulle halda, gir den ikkje varig fred mellom israelarar og palestinarar. No må konflikten komma over på eit anna spor. Me treng ei politisk løysing, skriv Støre i pressemeldinga.