10-åringar vil lettare kunne få fengselsstraff i Australia

Den australske staten Queensland har no vedteke lovar som gjer at barn heilt ned i 10-årsalderen vil kunne få fengselsstraff på lik line med vaksne.

Queensland
  • Delstat i Australia
  • Omfattar heile den nordaustre delen av det australske fastlandet
  • Hovudstad og største by: Brisbane
  • Innbyggjartal: 5 320 496

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Brotsverka barn kan risikere å hamne i fengsel for er til dømes alvorlege overfall, innbrot og mord. Tidlegare har barn si straff blitt vurdert på eit eige grunnlag, men no vil det vere like lett for barn som for vaksne å hamne i fengsel, skriv BBC.

Menneske i Queensland er ifølgje myndigheitene opprørte over kriminalitet som blir utført av barn og unge. Dette skal vere årsaka til at det no blir innført strengare straff for lovbrot gjort av barn.

Statistikk viser rett nok at kriminalitet gjort av barn og unge går ned i Queensland.

Kritikarar

Ekspertar peiker på at forsking viser at strengare straff ikkje reduserer lovbrot gjort av barn og unge, men heller har motsett verknad.

Òg FN er kritiske. Dei meiner lovendringa ignorerer barn sine menneskerettar og at ho bryt internasjonale lover.