Liv (12) og Ola (12) meiner atomvåpen aldri burde brukast att

Skulebarn arrangerte fest for mottakarane av fredsprisen.

– Ei atombombe vart sleppt over byen der dei budde. Det er veldig trist og grufullt. Så er det veldig rart å møte nokon som har opplevd det.

Det seier Liv Miljeteig (12) frå Vålerenga skole.

Ho og Ola Rønning Sønsteby (12) frå Kampen skole er to av tolv elevar som står bak barnas fredsprisfest, der mottakarane av årets Nobels fredspris blir heidra. Det er Redd Barna som står bak arrangementet.