No skal dei endeleg snakke saman

President Donald Trump har takka ja til å treffe Kim Jong-un. Dette har aldri skjedd før.

Aldri før har ein amerikansk president møtt ein leiar frå Nord-Korea.

Det var leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-un, som inviterte til eit møte som skal skje ein gong før mai i år.

USA og Nord-Korea har hatt eit anspent forhold, men no håper folk at dette kan vere starten på eit betre forhold.

Nord-Korea har farlege atomvåpen som USA vil at dei skal kvitte seg med.