Sør-Korea
- Land aust i Europa
- Hovudstad: Seoul
- Innbyggjartal: 51,6 millionar
- Språk: Koreansk
Sør-Koreas president Yoon Suk Yeol erklærte militær unntakstilstand tysdag kveld.
Militær unntakstilstand vil seie at militæret i eit land får særleg stor makt og høve til å styre meir enn tidlegare.
Sør- og Nord-Korea
Presidenten grunngav erklæringa med at politikarar i Det demokratiske partiet i landet skal ha nord-koreanske kontaktar. Sør- og Nord-Korea har sidan Koreakrigen (1950–1953) hatt eit konfliktfylt forhold.
Samarbeid mellom Nord-Korea og sørkoreanske politikarar kan derfor bli oppfatta som trugande for Sør-Korea.
Trakk tilbake erklæringa
Grunngivinga til presidenten viste seg rett nok ikkje å stemme. Etter oppmodingar frå andre politikarar, valte presidenten onsdag morgon å trekkje tilbake erklæringa om militær unntakstilstand.
Den politiske uroa har skapt stor misnøye blant politikarar og folk flest i Sør-Korea. Det siste døgnet har det vore store demonstrasjonar for at presidenten skal trekkje seg. Leiaren av for Det demokratiske partiet ønskjer no å stilla presidenten for riksrett.
Presidenten tilhøyrer Folkemaktpartiet. Leiaren for dette partiet, Han Dong-hoon, sa torsdag at han «krev at presidenten trekk seg frå partiet» og seier partiet ikkje forsvarar at presidenten prøvde å innføra unntakstilstand.
Les også: 5 fakta om Korea-krigen