Forureina luft i India og Pakistan før festival

Dei planlagde fyrverkeria kan gjere luftkvaliteten endå dårlegare.

31. oktober blir divali feira i India og Pakistan. Det er ein lysfestival med mykje fyrverkeri. Men fyrverkeriet får luftkvaliteten til å bli dårlegare enn han allereie er, ifølge CNN.

Nettstaden IQAir måler luftkvaliteten over heile verda. Måndag var den pakistanske byen Lahore den mest forureina byen i verda. På andreplass låg Delhi i India.

I Delhi er det forbode å bruke og selje kinaputtar før festivalen, i eit forsøk på å minske luftforureininga.

FORUREINA LUFT: Det var dårleg sikt på vegen i Lahore i Pakistan på måndag. Foto: K.M. Chaudary / AP Photo / NTB