Ulukka skjedde i Finneidfjord i Hemnes kommune, mellom Bjerka og Mo i Rana.
Ein person døydde i ulukka, og ti personar blei følgd opp av helsepersonell. SJ har stadfesta at det var lokføraren som døydde i ulukka.
Det var 46 passasjerar og tre tilsette om bord på toget. Avsporinga skjedde på grunn av eit steinras på jernbanen.
Både Nordlandsbanen og bilvegen E6, der toget landa, er stengt inntil vidare, melder NRK.