Seks skular og skulestader blir lagt ned i Innlandet

Onsdag vedtok fylkestinget i Innlandet at dei legg ned seks vidaregåande skular og skulestader.

Fylkesting

Fylkesting er politikarane som er valt til å styre ei fylkeskommune. Landområdet for ei fylkeskommune blir kalla eit fylke. Det er fylkeskommunen som har ansvar for drift av til dømes vidaregåande skular i eit fylke.

Kjeld: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Desse blir lagt ned:

  • Dokka vidaregåande skole (223 elevar)
  • Skarnes vidaregåande skole (186 elevar)
  • Solør vidaregåande skole, avdeling Flisa (117 elevar)
  • Skulestaden Sønsterud flyttast til Solør vidaregåande skole, avdeling Våler (49 elevar)
  • Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom (96 elevar)
  • Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Dombås (32 elevar)

Skulane blir lagt ned neste år. Det vil seie at mange elevar frå hausten 2025 må flytte eller pendle lange distansar.

Det var Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet dei Grøne som gjekk inn for forslaget. Grunngjevinga er eit minkande elevtal, med potensielt 5000 ledige skuleplassar innan 2038, og mindre pengar frå staten til å drive skule.

Forslaget møtte stor motstand, med både underskriftskampanjar og demonstrasjonar før vedtaket.